Tilbake

Gjesteutstillar 2015: Knut Flatin

Gjesteutstillar 2015: Knut Flatin

Årets gjesteutstillar: Knut Flatin
Det er ei glede for Eva Bull Holtes museum å ha jubileumsutstilling for Seljordskunstnaren det året han fyller 70. Knut Flatin kan vise til eit langt og aktivt kunstnarliv frå debuten med teikning på Statens høstutstilling som 19-åring i 1967. Flatin er både målar og grafikar.

Han har utdanninga si frå SHKS 1964 – 67 og Statens kunstakademi i Oslo 1967 – 72. Deretter var han stipendiat ved Jan van Eyck akademiet i Maastricht, Nederland. Kunstnaren er representert i fleire faste galleri og samlingar mellom anna i Nasjonalmuseet, Riksgalleriet og Norsk kulturråd. Han har hatt fleire store utsmykkingsoppdrag mellom anna på Svalbard lufthavn, Fagskolen Telemark, Symjehallen i Seljord og Seljord helsesenter. Knut Flatin arbeider i eit lyrisk abstrakt formspråk der farge og komposisjon er dei viktigaste elementa. Bileta byggast gradvis opp av tynne gjennomskinlege lag med akrylmåling. Fargane spenner mellom det lette transparente til sterke metta fargeflater. Kontrasten mellom varme og kalde fargar, store flater og detaljar, skaper spenning i bileta. Mellom desse elementa oppstår det romlege strukturar, lyriske passasjar og dynamikk. Han jaktar på det udefinerbare som blir gjort synleg og ofte er det noko tvetydig i bileta både på det innhaldsmessige og det formale plan.Naturoppleving, musikk og inntrykk frå reiser er viktige inspirasjonskjelder til måleria hans.