Tilbake

Gjesteutstillar 2016: Sidsel Westbø

Gjesteutstillar 2016: Sidsel Westbø

60 talets hard edge stil har vore ei inspirasjonskjelde for Sidsel Westbø. Som ein motsetnad til det ekspressive og impulsive la ein vekt påklare definerte biletfelt og markerte grenser mellom fargar.

Sidsel Westbø

Sidsel Westbø er født i 1943 i Skien. Nå bur og arbeider ho i Askim i Østfold. Utdanninga fekk ho på Statens håndtverks- og kunstindustriskule, 1962-66 og Statens kunstakademi i Oslo, 1966 -70. Ho starta utdanninga si som målar, men interessa for det grafiske uttrykket gjorde at ho tok det siste året på akademiet i grafikklassa hjå ArneMalmedal. Der arbeidde ho med silketrykk.
60 talets hard edge stil har vore ei 
inspirasjonskjelde for Sidsel Westbø. Som ein motsetnad til det ekspressive og impulsive la ein vekt påklare 
definerte biletfelt og markerte grenser 
mellom fargar.
 
Denne stilen har ho videreutvikla til sitt særeigne uttrykk der ho gjerne kombinerer fleire grafiske teknikkar som silketrykk, høgtrykk og koldnål.
 
Arbeida hennar speglar naturen i eit abstrakt og poetisk formspråk som 
er minimalistiskog lågmælt. Det er sanseintrykk og opplevingar som er utgangspunkt for bileta. Dei gjev assosisasjonar som er opne for fleire 
tolkningar.
 
Sidsel Westbø har hatt mange separatutstillingar, deltatt på kollektiv-
utstillingar og grafikkbiennalar i inn og utland. I 1999 hadde ho ei stor 
retrospektiv utstilling i Nasjonalgalleriet. Ho er representert i mellom 
anna Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, British Museum og 
København kulturfond. 
 
 
 
Ho harhatt fleire utsmykkingsoppdrag mellom anna  i Oslo lufthavn 
Gardermoen, Stavanger tinghus, Haugsåsen aldershjem i Skien. Det 
siste oppdraget var i 2011 med måla veggflater i 7 etasjar i Rosenkrantzgate 16- 18, Oslo.
 
Sidsel Westbø har i fleire periodar vore gjestelærar på Statens kunst-
akademi  der ho frå 1986-93 var professor II ved grafikkavdelinga.